Pressemelding
Telemark Senterparti
22.02.2017
Ja til Telemark!- Kampen byrjar nå.
Slaget om Telemark er langt frå tapt, det har så vidt byrja. Telemark Senterparti er sterkt imot å slå saman Telemark og Vestfold med tvang. I ei tid der det globalt vert peika på at avstanden mellom folk og dei som styrer er hovedårsaka til politisk uro, så gjer regjeringa det stikk motsette og overstyrer folkefleirtalet. Telemark Senterparti sa eit krystallklart nei da saka var oppe i Fylkestinget.
Å slå saman Telemark og Vestfold er ikkje svaret på Telemark sin mogelegheiter og utfordringar.
Kontaktpersonar:
Olav Urbø, fylkesleiar, 90765726
Åslaug Sem-Jacobsen, stortingskandidat, 92023316