300 000 kroner til flomvern i Tinn

Radio Rjukan2. juni 20202min
flom2-2015-150515-27_1d50

– Historisk har Vestfold og Telemark fleire gonger vore råka av omfattande skadeflaum, både som følgje av flaum i regulerte vassdrag, men óg omfattande flaumskadar i uregulerte vassdrag og i mindre bekker, seier fylkesmann Per Arne Olsen. Vestfold hadde aleine skade for 160 millionar kroner i 2015. Vårflaumen i år kan bli stor, i vårt fylke kanskje primært i mindre vassdrag, men prognosane er usikre.

Særskild materiell mot flaumvern i kommunane er ein knapp ressurs. Samstundes visar historia at det er ei rekkje ressursar i samfunnet som kan bidra og utgjer ein skilnad. Landbruket til dømes, er eit godt eksempel.

No har Fylkesmannen gitt 4,5 millionar kroner til dei interkommunale utvala mot akutt forureining.

Pengane vil bli brukte til å etablere depot med mobilt flaumvernutstyr fem stader i Vestfold og Telemark.  

– Frå depota skal utstyret raskt kunne setjast inn der det er naudsynt. Dette er materiell som óg kan lånast ut til andre fylke, seier Per Arne Olsen.

Utstyret kan nyttast mot flaum, akutt forureining og til ein viss grad også ved skogbrannar. Det er mellom anna kraftige pumper og såkalte flaummpølser, det vil si mobile barrierer.

– Vi har óg løyva 2,66 mill. kr til kommunane. Vinje får 860.000 kroner, Seljord 600.000, Tinn 300.000, Kviteseid 200.000, Hjartdal 300.000 og Holmestrand 400.000 kroner, seier Per Arne Olsen.

Fylkesmannen har att 800 000 kroner, og  har bede kommunane sende søknader på desse midla.

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia