fbpx

Telemarks SOP-leder ut mot politireformen

Radio Rjukan6. juli 20173min
sp-leder-telemark_b421

Politireforma- auka byråkrati, sentralisering og underfinansiert.
 
Det er interessant å lese Leiaren i Politiets fellesforbund Sør-Aust sitt innlegg om underfinansiering av politireforma. Og at mesteparten av løyvde mildar over statsbudsjettet er ein «teknisk» overføring av pensjonsforpliktelsar frå Statens pensjonskasse til Politiet. Dei resterande midlane er ikkje i nærleiken av å fylle opp nye stillingar og innkaup av naudsynt materiell. Reelt sett har det vore ein reduksjon i det budsjettmessige handlingsrommet med 426 millionar sidan 2013.
Reknestykket som presenterast er særs alvorleg lesing. Det angår det mest grunnleggjande i samfunnet, tryggleik for alle uansett om ein bur i Oslo eller i Vinje. Men det er ikkje overraskande i heile teke. Senterpartiet har vore kritisk til politireforma frå dag ein og har sagt dette lenge.
 
Gjørv kommisjonen sa aldri noko om at ein måtte sentralisere politiet i Noreg. Det Gjørv kommisjonen sa noko om var ukultur og dårleg leiing sentralt.
 
Det som har skjedd sidan 2013 er at tal stillingar i Telemark Politidistrikt er redusert frå 398 pr. 31.12.2013. til 390 pr. 30.04.2017. Samstundes har budsjettet til Politidirektoratet auka frå 160 millionar i 2013 til 301 millionar i 2017, og tal stillingar frå 198 til 306.
 
I tillegg har Stortinget mot Senterpartiet sine røyster gjeve frå seg all makt til Politidirektoratet i samband med lokalisering av nye politidistrikt og lensmannskontor.
 
Vi er i ferd med å få eit sentralisert politi som bare er tilstades når ting har skjedd. Brann- og ambulansepersonell vil måtte take eit stadig større ansvar for særs alvorlege hendingar. Samstundes har vi den største oppbygging av politibyråkrati i historia. Omgrepet «Nærpoliti» er historias største floskel.
 
Senterpartiet sin politikk er at ressursane til Politiet vert omfordelt fra politibyråkrati til operasjonelle stillinger. Politidirektoratet vert lagt ned og ansvaret vert lagt inn under politiavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet. Senterpartiet vil ha eit reelt nærpoliti der førebygging er sentralt. Og at Stortinget tek attende ansvaret for denne type avgjersler og ikkje gøymer seg bak Politidirektoratet.
 
Olav Urbø
Fylkesleiar Telemark SP
2. Kandidat til Stortingsvalet  

Radio Rjukan

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia