fbpx

Brannvesenet med nasjonal komfyrvakt-aksjon

Radio Rjukan15. februar 20174min
komfyrvakt_5049

Brannvesenet rykka i fjor ut til 3 138 brannar i private heimar i Noreg, heile 1 344 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren.
 
– Dei fleste sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkkenet. Enten om då det ringte på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt uoppmerksemd er alt som skal til for at ein brann skal blusse opp og kome ut av kontroll, seier brannsjef i Tinn Kommune Ken Espen Drager. 

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det blir lagt opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekke kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.
 
– Dei fleste komfyrbrannar skjer på dagtid og råkar eldre menneske, men flest omkjem i brannar om natta. Då er det ofte unge menneske i alkoholpåverka tilstand som blir råka. Rusa personar har svekka dømmekraft og merksemd, og kan fort sovne frå komfyren, seier Drager.
 
Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser han ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren beskjed til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.

– Hald oppsikt under matlaging, skru av eller demp varmen om du blir avbrote i matlaginga, reingjer ventilator jamleg og pass på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen. Ingen skadar seg av å vente litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade om du gløymer det, seier Drager.
 
Onsdag 8. februar arrangerast ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd rundt dei alt for mange komfyrbrannane. Ei komfyrvakt kan avgrense skadane og hindre at ein komfyrbrann utviklar seg til å bli alvorleg. Under kampanjen vil over 200 brannvesen, feiarvesen og elektrisitetstilsyn ha lokale aktivitetar over heile landet.
Som del av kampanjen vil det bli installert ei komfyrvakt hos nokon som har behov for det i dei kommunane som deltek.
 
Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing fram til 2020 på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper. Bak «Alt vi kan mot brann» står DSB, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk Brannbefals Landsforbund, Feiermesterens landsforening, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsynet, sakkunnige selskap, Nelfo og Brannløftet.

Linker: 
Les meir om komfyrvakt på sikkerhverdag.no
 
 

Radio Rjukan

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia