fbpx

Slåttekås–Årnes-utbygging starter i 2016

Radio Rjukan29. april 20153min
vegstengt_8652

– Med utbetringar og utbygging for vel 380 millionar kroner blir det enda tryggare og meir effektiv transport på den 7,1 kilometer lange strekninga Slåttekås – Årnes, på riksveg 36 i Telemark. Strekninga har ujamn standard, er prega av forfall og har hatt ein del møte- og utforkøyringsulykker. Arbeidet med å utbetre strekninga kan ta til hausten 2016, med fullføring ved årsskiftet 2018-2019, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i pressemelding.

Riksveg 36, mellom Eidanger og Seljord, er eit viktig nord-sørsamband i Telemark og knyter dessutan saman hovudferdselsårene E18 og E134. Det er også et viktig ledd til den nye Århus – Gvammen-parsellen.

– Strekninga Slåttekås – Årnes skal utbetrast i dagens trasé og vil få ei breidd på 8,5 meter (10,5 meter i ein 220 meter lang tunnel). Utbygginga vil føre til at vegen blir mindre svingete og får betre bereevne og tryggare avkøyringar. I anleggsperioden skal det etablerast ein omkøyringsveg, som seinare blir ein permanent gang- og sykkelveg. Utbygginga er rekna å koste 383 millionar 2015-kroner. Prosjektet skal finansierast ved ein kombinasjon av bompengar og statlege løyvingar, i tråd med tidlegare lokalpolitiske vedtak om å framskunde prosjektet.

– Prosjektet skulle opphavleg finansierast fullt ut med bompengar, men denne regjeringa har no lagt inn 56 millionar kroner i statleg finansiering. I tilegg vil belastninga for bilistane bli redusert som følgje av bompengereform og ordning med rentekompensasjon for bompengeprosjekt, seier samferdselsministeren.

Kartskisse og fleire opplysningar: Prop. 108 S (2014-2015) Utbygging og finansiering av rv 36 på strekninga Slåttekås – Årnes i kommunane Nome og Sauherad i Telemark og kostnadsramme for E6 Jaktøya – Klett – Sentervegen i Sør-Trøndelag

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia