fbpx

Fjellandbrukssatsing i Tinn og Vest-Telemark

Kyrre Dahl29. januar 20213min
fjellbruk
Foto: Anne Aasmundsen / Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er blitt tildelt midlar for eit nytt år med satsing innan fjellandbruket i Vestfold og Telemark. Dei som kan søkje er organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan som har til føremål å utvikle landbruket og landbruksbasera næringar i fjellområda.

Målgruppe:

  • Prosjekt for fjellandbruket i kommunane Fyresdal, Tokke, Seljord, Vinje, Hjartdal og Tinn.

Kven kan søkje:

  • Organisasjonar, institusjonar, kommunar og ymse samarbeidsorgan som har til føremål å utvikle landbruk og landbruksbasera næringar i fjellområda.

Statsforvaltaren vil byggje vidare på erfaringane frå fjellandbrukssatsinga i perioden 2014 – 2016, og legg til grunn ei målsetting om å styrkje grunnlaget for bærekraftig verdiskaping i fjellområda innafor tradisjonelt landbruk, seterbruk og bygdenæringar. Tilskotet skal stimulere til auka utvikling og bruk av landbruket sine ressursar i fjellområda. Innafor det tradisjonelle landbruket kan tema vera agronomi, tilpassing til framtidas klima, bruk av utmarksbeite og utfordringar som er knytt til dette, seterdrift, birøkt og rekruttering. For tilleggsnæringar kan dette vera utvikling av lokalmatprodukt, marknadsføring og distribusjon av lokalmat, verdiskaping i høve til jakt- og fiskeressursar, utleige av hytter og bruk av setrar og seterkultur som grunnlag for aktivitet.

Det er ei målsetjing at prosjekta gjev konkret resultat som auka verdiskaping, aktivitet og rekruttering. Det er ynskjeleg med tiltak på tvers av kommunane.

Meir om satsinga og søknadssjema finn du her

Det kan gjevast tilskot med inntil 75 % av dei totale prosjektkostnadane. Eigen finansiering (eigeninnsats, eigne midlar ol.) må utgjere minst 25 % av finansieringsplanen.

Søknad om fjellandbruksmidlar skal leverast elektronisk, på eige søknadsskjema saman med prosjektutgreiing slik det står i søknadsskjemaet. Søknaden sendast til: sfvtpost@statsforvalteren.no

Søknadsfrist: 31.03.2021

Kjelde: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia