fbpx

Verdensarven ein del av fylkets strategi

Kyrre Dahl26. mai 20213min
kulturfylke
Utdrag frå illustrert utgåve av strategien, som kjem etter kvart (illustratør: Izabela Zolcinska)

Rjukan-Notodden Industriarv er eit av fem fyrtårn i kulturstrategien for Vestfold og Telemark fylkeskommune. 

Auke verdiskapinga, motarbeide utanforskap og redusere klimautslepp. Det ynskjer fylkestinget at den nye kulturstrategien for Vestfold og Telemark skal bidra til. Strategien er ambisiøs, og har mange kulturtiltak som fylkeskommunen skal sette ut i livet saman med kommunar og kulturaktørar.

Interessa for «Vestfold og Telemark – der mennesker møtes», som strategien heiter, har vore rekordstor. Deltakinga har vore brei, med innspel frå kommunar, kulturaktørar, organisasjonar og privatpersonar. Strategien dannar ei felles plattform for satsing på kultur i fylket.

– Aldri før, i Vestfold og Telemarks historie, har kulturens bidrag til samfunnsutviklinga vore så synleg og tydeleg som i denne strategien, meiner Maja Foss Five, leiar for Hovedutvalg for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett.

Mange tiltak og fem «fyrtårn»

Vidareutvikling av attraksjonar langs Telemarkskanalen, auka innsats for fleire sosiale møteplassar og nyskapande aktivitetsarenaer, jobbe for å etablere eit kompetansesenter for UNESCO Verdensarv, auka satsing på nyare tids arkeologi, utvikle Ung Kultur Møtes til eit heilårig tilbod, vidareutvikling av Padleled Vestfold og Telemark, og utviding av fribyordninga for forfølgde forfattarar med minst to kommunar er berre nokre av dei mange tiltaka fylkeskommunen skal satse på i perioden 2021-2024.

– Strategien er nødvendig for å målrette og koordinere innsatsen vår på kulturfeltet, i samarbeid med kommunar og kulturaktørar. Alle innspel til arbeidet med strategien fortel om eit kulturliv som vil opp og fram og ut til folk i fylket vårt. Nå har vi fått på plass mål og tiltak som stør opp om dette, og vi gler oss til å kome i gang med å byggje eit kulturfylke med stor K, seier Foss Five.

I innspelsrundane blei det etterlyst tydelege «fyrtårnsatsingar» frå fylkeskommunen. I kulturstrategien er det derfor vald ut fem fyrtårn som fylkeskommunen skal satse spesielt på i arbeidet med å fremje stadutvikling og kultur- og naturbasert reiseliv: Edvard Munch, Henrik Ibsen, Rjukan-Notodden Industriarv, vikingtid og mellomalder, og regionale kulturarrangement.

Kjelde: Vestfold og Telemark fylkeskommune

Kyrre Dahl

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia