To tidligare NRK-journalister Gro Jørgensen og Anne Lognvik gjev ut hyggebok for andre år på rad – Ei adventsbok fylt med historier.
– Ein adventskalender i bokform fylt med 24 historier fortalt av telemarkingar er klar for dei som likar gode historier i førjolstida. I staden for sjokolade er innhaldet i boka historier frå Tinn i nord til Jomfruland i sør. Boka vekslar mellom nynorsk og bokmål. Fellesnevneren er gode, vonde, humørfylte og vemodige minne frå jolekveldar og førjolstida som historieforteljarane har opplevd i fjern eller nær fortid, fortel Anne Lognvik.
Korleis var det å feire jol på tuberkulosesanatorium, eller å få ein uventa gjest på sjølvaste jolekvelden?
Kva gjer munkane i Tinn på joleftan, eller ho som lever aleine langt inni fjellet?
Det er stor breidde i historiene som dei tidligare NRK-journalistane Gro Jørgensen og Anne Lognvik har samla inn for andre året på rad. Den fyrste jolekalenderboka kom i pandemijola i fjor, den ble utselt før adventstida starta.
Boka i år er i sal hjå utgjevarane, sier Lognvik.