fbpx

Gratulerer til Hardangervidda nasjonalpark!

Kyrre Dahl2. juni 20216min
hardangerviddasenteret-vinter_a507
Hardangerviddasenteret

Landets største nasjonalpark feirer 40 år. Jubilanten held seg i grei form, men treng godt stell for å klare dei neste 40 åra òg. 

I går, 1. juni, var det 40 år sidan Hardangervidda nasjonalpark med to tilhøyrande, store landskapsvernområde, vart oppretta. Det er planar om å markere dette med ein jubileumskonferanse i september.

Sjølve vedtaket vart gjort ved kongeleg resolusjon 10. april 1981, men vernevedtaket vart ikkje gjort gjeldande før 1. juni same år. Hardangervidda vart den største nasjonalparken i Noreg, og den første der areal i privat eige vart innlemma i ein norsk nasjonalpark. Hardangervidda er framleis den største nasjonalparken i landet, men det er ikkje lenger uvanleg at nasjonalparkar inkluderer område som òg er privat eigedom, slik det var før. Faktisk er Hardangervidda den største nasjonalparken i heile Norden!

Storleiken, det særeigne landskapet og det rike dyrelivet gjer Hardangervidda til eitt av dei viktigaste verneområda i landet. Vi som arbeider med forvaltinga her vil meine det er den aller viktigaste nasjonalparken vår. Vi vil nytte jubileumsåret til å sette fokus på nokre av utfordringane i forvaltinga, og vonleg òg få etablert ei varig ordning som sikrar meir ressursar for at dette viktige naturområdet skal få den prioriteringa som det fortener.

Resultat av lang politisk prosess

Gjennom 1970-talet var det stor og langvarig debatt om vasskraftressursane på og kring vidda skulle byggjast ut og utnyttast, eller om ein skulle verne naturen i staden. Løysinga vart eit kompromiss. Dei vassdraga som ikkje vart bygd ut, vart i staden nasjonalpark. Utbyggingsinteressene vart såleis avgjerande for kvar grensene for nasjonalparken ville gå.

Parallelt med dette vart det den gongen gjort mykje biologisk forsking på Hardangervidda. Resultata frå denne forskinga vart viktige premiss for vernevedtaket. Den dokumenterte at Hardangervidda hadde naturfaglege kvalitetar som få, om nokon i det heile, andre høgfjellsområde i Nord-Europa kunne måle seg med. At Europas største villreinstamme heldt til her var sjølvsagt svært viktig. At Hardangervidda òg husa ei svært variert og rik flora og fauna var òg tillagt stor vekt. Landskapstrekka på dette store fjellplatået var særmerkte og utgjorde kanskje krona på verket?

Villrein. Bildet er fra Tinn august 2008. Foto: Geir Geirstad
Landskapet på vidda har utvikla seg

Landskapet på vidda har utvikla seg gjennom mange istider. Det som lever her oppe i dag har kome til etter den siste istida, dei siste 10 000 – 12 000 åra. Det er mange kulturminne her oppe, som vitnar om at menneske har gjort seg nytte av naturgodene i fleire tusen år. Ferdslevegar over vidda dokumenterer omfattande handel og samkvem mellom aust og vest i landet vårt.

I vår tid har bygdefolket kring vidda i stor grad nytta desse fjellområda mellom anna til jakt og fiske. Dette er gamle rettar som ikkje vart endra ved vernevedtaket. Det vart bestemt at nasjonalparken ikkje berre skulle bli verna, men òg bli brukt som før, på tradisjonelt vis. Det har opp gjennom åra vore mange diskusjonar om korleis ein skal tolke dette, ikkje minst når gamle bruksformer endrar seg og nye bruksformer kjem til.

Dyrelivet i stor endring

Reinsdyrstamma er i dag langt mindre enn i tidlegare tider. Den er likevel framleis den største villreinstamma i Europa.

Det er ikkje sikkert det vil vere slik i framtida. Dagens bruk av vidda påverkar reinsdyra si naturlege vandring, og hindrar tilgang til viktige beiteområde for vidda. Dette påverkar dyra sin kondisjon, og stamma er òg truga av fleire alvorlege sjukdomar. For å bøte på dette, kan det bli aktuelt med å redusere dyretalet endå meir dei næraste åra, i alle fall som eit mellombels tiltak.

Mykje av det andre fugle- og dyrelivet på vidda har òg endra seg i stor grad dei siste 40 åra. Det er naturleg at naturen endrar seg over tid, men svært mange av artane på Hardangervidda har negativ bestandsutvikling. I nokre tilfelle, der ein meiner å kjenne hovudårsakene til utviklinga, er det sett i verk tiltak for om mogleg å betre på situasjonen. I andre tilfelle kjenner ein ikkje årsakene til den negative utviklinga godt nok til å kunne setje i gang gode nok tiltak.

Kjelde: Statsforvaltaren

Kyrre Dahl

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia