Melding fra Vinje kommune i dag, 31.03.20:
Dei to som har vore i karantene på hytte i Rauland dei siste to vekene, er friske, og reiser heim i dag.
Vidare vil kommuneoverlegen informere om eit nytt smittetilfelle i kommunen. Vedkomande, som er busett i Åmot, er no innlagt på Sjukehuset Telemark i Skien for behandling.
Vinje kommune jobbar no med smitteoppsporing knytt til dette tilfellet. Sidan utbrotet av smitte har Vinje kommune testa 35 personar, og dette er den første som har fått påvist smitte.