fbpx

Landskappleiken 2021 avlyst – skyves nok et år

Radio Rjukan16. februar 20215min
tinndolan_4929

Styret i Folkorg har, i samråd med lokale arrangørar av Landskappleiken 2021 i Tinn og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2021 i Vågå, vorte samde om å avlyse båe arrangementa også i 2021.  

– Det er tungt å måtte avlyse Landskappleiken og Landsfestivalen for andre år på rad, men vi meiner det er så stor usikkerheit knytt til smittesituasjon og vaksineframdrift at vi ikkje har anna val. Vi kan ikkje risikere store økonomiske tap for dei lokale arrangørlaga dersom dei skulle halde fram med planlegging og inngåing av forpliktande avtalar som må gjerast i løpet av kort tid», seier styreleiar i Folkorg, Hilde Reitan i ei pressemelding.

Heile styret i Folkorg er samde i avgjersla som er teken saman med dei lokale arrangørlaga.

– Vi har stor forståing for at mange er skuffa no og gjerne skulle sett at arrangementa vart gjennomført, sjølv med smitteverntiltak. Men, vi ønskjer ikkje å ekskludere nokon på våre arrangement, anten det gjeld deltakarar, publikum eller frivillige, så i staden for å gjennomføre Landskappleiken og Landsfestivalen for dei få, er det mest rettferdig for alle at vi utsett våre to hovudarrangement til neste år, seier Reitan på vegner av alle dei involverte.

Landskappleiken 2021 skulle ha vore arrangert på Rjukan i Tinn kommune

– Det kjennest rart og uvirkelig at me ikkje kan samlast te Landskappleiken i Tinn i 2021 heller, men slik er det dessverre, seier leiar for hovudnemnda Øystein Haugen på vegner av heile arrangørgjengen i Gransherad, Seljord, Rauland og Tinn i pressemeldinga.

Det betyr óg at Landskappleiken som skulle ha vore i Lom i 2022 vert flytta til 2023 og at Landskappleiken som skulle vore arrangert på Gol i 2023 vert flytta til 2024. Dette er i samråd med dei lokale arrangørane. Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2021 skulle ha vore arrangert av Vågå trekkspelklubb i Vågå.

– Året 2021 skulle bli det store festival- og kappleiksåret. Eit år der vi endeleg kunne samlast i dansen, musikken, og praten, seier Steinar Løkken, leiar av hovudnemnda for den neste Landsfestivalen i gammaldansmusikk, i pressemeldinga.

– Vi i Hovudnemnda for Landsfestivalen i Vågå har sidan fjoråret hatt tett dialog med Folkorg, og vi har no teke avgjersla om å ikkje arrangere Landsfestivalen i år grunna covid-19. Vi såg lenge med optimisme fram mot sommaren 2021, men slik situasjonen ser ut no er det ein viss risiko for at ein eventuell festival og kappleik må arrangerast med restriksjonar. Vi veit at både dansarar, publikum og ikkje minst musikarar er sveltefôra på å danse saman, konkurrere, og spele til dans. Vi håper og trur likevel at det er forståing for avgjersla, for skal det vera Landsfestival i Vågå så skal det vera skikkeleg, Heile Vågå trekkspelklubb er samde i at den neste Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal verta skikkeleg, og dei ønskjer oss difor alle velkomne til Vågå i 2022, uttaler Løkken i pressemeldinga.

Innan kort tid kjem det informasjon om kven som skal arrangere Landsfestivalen i gammaldansmusikk etter 2022.

På bakgrunn av at dei to store, nasjonale arrangementa, vil Folkorg i staden oppmode alle lokale og regionale lag om å gå saman om å arrangere mindre, lokale stemner, kappleikar og treff rundt om i heile landet slik at ein opprettheld aktivitetar så langt det let seg gjere.

Styret har vedteke å opprette ei ny stønadsordning der lag og medlemmar kan søkje om økonomiske tilskott til å gjennomføre lokale arrangement. I tillegg vil Folkorg bidra med rådgjeving. Det kjem meir informasjon om dette innan kort tid.

– Vi håpar dette kan vere eit lite plaster på såret for alle som lengtar etter å møtast, og satsar på å få mange gode søknader frå heile landet. Så kan vi gle oss desto meir til at Landskappleiken på Rjukan og Landsfestivalen i Vågå brakar laus for fullt sommaren 2022, seier Reitan i pressemeldinga.

Radio Rjukan

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia