
I denne nye julekonserten møtast tre musikarar med kvar sin innfallsvinkel inn i folkemusikken. Lars Jakob Rudjord og Johanne Flottorp kjem frå kvar sin kant av Agder, medan Anne Gravir Klykken kjem frå Telemark. I barndommen budde ho noen år på Rjukan. Dei tre har bakgrunn frå fleire ulike sjangrar, men kjem alltid tilbake til røtene. Saman vil dei presentere ein sjelfull og uhøgtideleg julekonsert som inviterer lyttaren tett på.
Med Anne Gravir Klykken på vokal og diverse instrument, Johanne Flottorp på hardingfele og Lars Jakob Rudjord på trøorgel og piano skal publikum finne juleroen ifølgje pressemelding finne ei «lun atmosfære med skjemt og alvor, ljos og mørke, gammalt og nytt, stort og lite – akkurat som jula og livet sjølv.»
Med ei blanding av tradisjonelle slåttar, viser, salmar og stev, og nyare låtar og arrangement av trioen, presenterer dei ein konsert med musikk knytt opp mot vinter, solsnu og jul. Konserten vil ta utgangspunkt i julemusikk og tradisjonar frå Sør-Noreg – eit område med ei rik kulturarv når det gjeld både jolesongar og folkemusikk. Denne musikken ber med seg historier og skikkar knytt til jula.
Turnéen landar i Rjukanhusets storesal på torsdag 11. desember, med bilettsal på kinoens nettside, og i Gransherad kyrkje blir det også konsert fredagen etter.Julekonsert p


