fbpx

Fylkeskulturprisen går til Tor Åge Bringsværd

Radio Rjukan11. desember 20243min
download (1)

Telemark fylkeskulturpris 2024 blir tildelt Tor Åge Bringsværd for det imponerande og allsidige forfattarskapet hans.
Tor Åge Bringsværd kan vise til ein lang og imponerande forfattarkarriere. Skiensmannen har gjeve ut over 350 titlar innan mange sjangrar. Dette omfattar ei lang liste med utgjevingar i eit breitt spenn, frå romanar, sakprosa, novellesamlingar og barnebøker til dramatikk.
Prisen vart delt ut av fylkesordførar Sven Tore Løkslid under dagens fylkesting.

– Det er ei ære å få dele ut kulturprisen til Bringsværd. Gjennom karrieren har han femna eit breitt publikum, heilt frå dei aller minste til dei vaksne. Det er stas at fylkestinget no kan dele ut fylkeskulturprisen til han, seier Løkslid.
Bringsværd er ein forfattar som barn har kjent til i fleire generasjonar, mellom anna gjennom Ruffen-bøkene frå 1970-talet og ikkje minst Karsten og Petra-universet som både finst i bokform og på film.
I ein alder av 85 år er Bringsværd framleis ein produktiv forfattar. I år har han gjeve ut den første ungdomsromanen sin, ei bok som har hausta gode kritikkar.

Bringsværd er ein kjær forfattar som ikkje berre betyr mykje for telemarkingar, men også nasjonalt. Han har fått ei lang rekkje prisar og utmerkingar, han fekk mellom anna Brageprisens heiderspris i 2009, og i 2024 vart han utnemnd til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs orden for det framifrå forfattarskapet.

Telemark fylkeskulturpris vart fyrste gong delt ut i 1977. Prisen er gjeven til mange kjende aktørar innan kulturfeltet, som Halldis Moren Vesaas, Anders Vangen og Odd Nordstoga. Fylkeskulturprisen er på 50.000 kroner, og skal gje honnør og anerkjenning til ein aktiv kunstnar
eller kulturaktør som har gjort ein stor innsats for kunst- og kulturlivet i fylket.
Fjågesund tildelt stipend for husflid og håndtverk Under fylkestinget i kveld vart også stipend for husflid og håndtverk delt ut. Det var Rut Telnes Fjågesund som fekk årets stipend for prosjektet «Bøygd skog».
Telnes Fjågesund arbeider som tredreiar. I dette prosjektet ynskjer ho å sette seg inn i to tradisjonelle handverksteknikkar, nemleg sveiping og tægerbinding. I kombinasjon med tredreiing vil ho skape kortreiste matboksar i tre.
Årets stipend er på 50.000 kroner.

Radio Rjukan

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © 2025 Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia