fbpx

Ny CD fra Unni Boksasp Ensemble

Radio Rjukan24. oktober 201711min
boksaspplate_6715

Cd-plata Opus 72017 ligg no ute for sal på desse stadene:

Atrå Handelslag, Atrå
Blått til lyst, Rjukan
Tingvollost, Torjulvågen
Tingvoll Økopark, Tingvoll 
Bunnpris, Fjordsenteret, Straumsnes.

Dersom nokon vil kjøpe plata av meg, så send meg ei melding, og eg sender signert utgåve i posten:-)

Det blir stor premiere på konsertforestilling "Opus 72017 Dahle – Grieg" med Unni Boksasp Ensemble i Rjukanhusets storesal 30. april, kvelden etter urpremiere på Riksscenen i Oslo.

Unni Boksasp, som bor på Miland, har markert seg sterkt i norsk musikkliv med sin folkemusikkhybrid, og har vunnet en lang rekke priser de siste årene.
det knytter seg stor spenning til den nye forestillingen, der en annen milending, Knut Dahle er opphavsmann.
Konsertforestillingen vil være hovedreportoaret til Unni Boksap Ensemble i 217 og 2018, og skal spilles blant andre på flere festivaler.

""Bandet har sendt ut en pressemelding i sakens anledning, som vi velger å sitere på nynorsk:

" – Spelemannen Knut Dahle og komponisten Edvard Grieg levde i ein spesielt spennande og viktig tidsepoke for norsk kultur og musikkliv, og står som viktige og relevante skikkelsar også i dag. Unni Boksasp Ensemble har dei siste tre åra fordjupa seg i musikken etter Dahle og Grieg, men også i livssogene deira, og i menneska, historiene og mytane kring desse to markante skikkelsane i norsk musikkhistorie. Med dette som utgangspunkt, har dei skapt eit heilt nytt verk som har fått tittelen Opus 72017. 

Sentralt i det nye verket står 17 slåttar etter Knut Dahle (1834-1921) frå Tinn. Desse 17 slåttane, og Johan Halvorsen si nedteikning av dei, låg til grunn da Edvard Grieg komponerte Opus 72, Slåtter, i 1902. Unni Boksasp Ensemble presenterer no sitt eige Opus 72017: ei konsertførestilling med songar, slåttar og arrangement sterkt inspirert av både Dahle og Grieg, men med eit tydeleg stempel av Unni Boksasp Ensemble og notida. Unni Boksasp har skreve nye songtekster, og regi er ved Marianne Meløy som også har bidrege med manushjelp.

Boksasp og ensemblet hennar har i fleire år gått i lære hjå Per Anders Buen Garnås for å fordjupe seg i feleslåttane etter Knut Dahle. Dei har lytta til arkivopptak med tinnspelemennene Knut, Johannes og Gunnar Dahle og Olav Øyaland. Dei har også spela seg gjennom, analysert og grubla over Grieg sine klaverstykke og krumspring i Opus 72. I tillegg til å arbeide med musikken, har dei lese seg gjennom store mengder litteratur om Knut Dahle og Edvard Grieg og menneska og samfunnet rundt dei.

Den gamle, norske bondekulturen, utvandringa til Amerika, nasjonalromantikken, framveksten av turistnæringa i Norge, industrialiseringa og framveksten av det norske musikklivet med grunnlegginga av Oslofilharmonien og Harmonien i Bergen er berre noko av miljøet som blomstra omkring desse to kunstnarane, og som dei var med og sette sitt preg på.

– Som musikar og menneske av i dag, er det interessant å trekke linjer, samanlikne og filosofere over skjebnen og livslina til desse to kunstnarane, – og menneska omkring dei – og prøve å forstå kva som gjorde at dei vart to av Norges viktigaste kunstnarar", seier Unni Boksasp om arbeidet med å skrive nye tekster til konsertførestillinga. 

Arrangementsfakta:
Premieren på førestillinga blir:
Laurdag 29. april, kl. 20 – Riksscenen, Oslo 
Søndag 30. april, kl. 19 – Festsalen, Rjukanhuset

Linker:
Rjukan-konsertens facebookevent
Urfremføringe ni Oslosd facebookevent
Unni Boksasp på facebook 
Unni Boksasps nettside

Foto: Kathine Dokken

FAKTA:
Unni Boksasp Ensemble 
ga ut si første plate Songar frå Havdal i 2007, og har i alle desse ti åra vore med og prega det norske samspelmiljøet innan norsk folkemusikk. Dei har vunne både Spelemannspris og fleire Folkelarmprisar for platene sine, og har turnert på scener og festivalar både i Norge og utanlands. No har dei teke eit nytt steg , og gått laus på eit nærmast "heilagt" materialet, som ingen før har arbeidd med som ensemble. 

Unni Boksasp (vokal, zitter), Trygve Brøske (trøorgel, piano), Magne Vestrum (kontrabass), Petter Berndalen (perkusjon) og Mats Edén (fele, hardingfele). 

Unni Boksasp frå Tingvoll på Nordmøre, no busett i Tinn i Telemark, er fulltids musikar og arbeider både som solist i ulike ensemble og som pedagog og kurshaldar. Ho er utdanna ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og ved Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland. Unni Boksasp har sidan 1995 vore å finne i A-klassa (elite-klassa) i kveding, og i 2010 og 2011 vann ho Landskappleiken i denne klassa. I 2010 vann Unni Boksasp Ensemble Spellemannsprisen og Folkelarmprisen for albumet ”Keramello”, og i 2013 vann dei Folkelarmprisen i open klasse for albumet ”Kvite fuglar”.

Trygve Brøske er pianist og komponist/arrangør busett i Trondheim. Han er utdanna ved  Trøndelag Musikkonservatorium og som konsertpianist ved Conservatoire de Musique de Genève, der han gikk ut med Premièr Prix de virtuosité våren 2001. Brøske har samarbeidd med en rekkje kjende artistar og band som Bjarne Brøndbo, Marianne Thorsen, Anne-Lise Berntsen, Sissel Kyrkjebø, Per Arne Glorvigen, Unni Boksasp Ensemble, Trondheimsolistene og Moskva Balalaikakvartett. 

Magne Vestrum spelar kontrabass og er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og ved Royal Academy of Music i London. Vestrum har delteke på en rekkje plateinnspelingar og turnear i inn- og utland , samt mange plateutgivelsar med mellom anna Unni Boksasp Ensemble, Henning Kvitnes, Hilde Marie Kjersem, Geir Zahl og Christer Knutsen & Sacred Hearts. Han er også komponist og bandleder for Bull of the Year. 

Petter Berndalen frå Hälsingeland i Sverige blir kalla ”Sveriges første spelemann på slagverk”. Berndalen har djupe røter i den svenske folkemusikken. Etter ti år med musikalske studier tok han i 2008 Mastereksamen ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Berndalen er soloartist i tillegg til å spele med fleire av band og prosjekter i Sverige. Han har også sitt eige studio og plateselskap. 

Riksspelmann Mats Edén frå Värmland er ein nestor innan folkemusikk i Norden. I 2016 mottok han den høgthengande Musikaliska Akademiens folkmusikpris, som få andre har motteke. Han har vunne eit utal Grammis og prisar som solist og ilag med nokon av Nordens framste folkemusikkgrupper som Groupa og Nordan (Ale Möller og Lena Willemark). Han har musikkutdanning frå m.a. Göteborgs Universitet og han har Kandidateksamen i komposisjon frå Norges Musikkhøgskole. Mats bur i dag i Skåne og arbeider som lektor i folkemusikk vid Musikkhøgskolen i Malmø, i tillegg til at han er frilansmusikar.

Marianne Meløy er skodespelar, tekstforfattar, kåsør og journalist frå Vesterålen. Ho bur i dag i Trondheim og er tilsett ved Trøndelag Teater som skodespelar. Ho er også fast kåsør i Norgesglasset på NRK P1. Saman med Trygve Brøske har ho mellom anna skreve operaene Kommentarfeltet og Kibergodysséen. 

 

 

Radio Rjukan

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia