
– Ein delegasjon frå Tinn og Vinje kommunar har besøkt besøkt Kvilldal kraftverk og Saurdal pumpekraftverk i Ulla-Førre. Kvilldal kraftverk er Norges største kraftverk, herfrå går også utanlandskabelen til England. Ny kraftutbygging i Tinn og Vinje har aktualisert et slikt besøk for å hente erfaringar, forteller Tinn kommunes tidligere rådmann og nåværende kraftverkskonsulent Rune Lødøen.
– Vi har óg hatt møte med leiing og nøkkelpersonar i Suldal kommune for å hente erfaringar frå deiras arbeid med konsesjonshandsaming og vilkårsrevisjonen i Røldal-Suldal, forteller han.
– Besøket er ledd i førebuing av kommunanes arbeid med utvidings- og opprustningsplanane som Statkraft og Hydro har lagt fram, og som vil kome til konsesjonshandsaming truleg tidleg i 2026. Som kjent er oppgradering og bygging av nye kraftverk m.a med pumping av vatn frå Tinnsjøen til Mår/Kalhovdfjorden og Møsvatn aktuelt.
– Dessutan vil kommunestyret i Tinn i nær framtid få lagt fram ei sak med krav om revisjon av konsesjonsvilkåra i Mår-Gøystvassdraget. Suldal kommune er Norges største kraftkommune og har stor kunnskap om vasskraft. Tinn og Vinje er óg av dei største kraftkommunane i Noreg, vi har stor nytte av erfaringsutvekslinga, mener Lødøen.
Deltakarane på befaringa var:
Bent Frode Bystrøm – Ordfører – Tinn
Bjørn Næset – Varaordfører – Tinn
Terje Kili – Kommunedirektør – Tinn
Olav Lahus – Kommunalsjef samfunn – Tinn
Eli Schjerva Samuelsen – Plansjef – Tinn
Anette Sveinsson – Kommunalsjef økonomi – Tinn
Rune Lødøen – Rådgjevar (tidl. rådmann i Tinn og Vinje – Tinn
Jon Rikard Kleven – Ordfører – Vinje
Jan Myrekrok – Kommunedirektør – Vinje
Gry Åsne Aksvik – Kommunalsjef økonomi og samfunn – Vinje
Tone Aanderaa Kiste – Kraftkompetanse KO – Vinje
Turid Opsund – Rådgjevar planavdeling – Vinje